Velkomen i Bergensligaen i bordhockey

OppvisingskampBergensligaen er vekentlige mini-turneringar i bordhockey kvar onsdag 18.00 – 21.00 på seminarrom C, D, eller E på Studentsenteret i Bergen. Det er berre å møta opp om du vil testa triksa dine mot både ferske og rutinerte spelarar. Det finnast fleire hundre registrerte triks, og me kan læra deg all om du vil.

I bordhockey blir du raskt god, og du vil få god instruksjon og bratt meistringskurve. Den raskaste måten å bli god på er å spela i Bergensligaen.

Fryste semester er gratis, og andre gong du møter får du eit gratis bordhockeybrett (lett brukt).

Har du spørsmål, send epost til bordhockey@bsi.no.

Sesongstart for Bergensligaen i bordhockey

Bordhockeysesongen er i gang og det kriblar i fingrane.

Spelte du bordhockey med syskena dine som liten. Slo du sjefen i bordhockeyturneringa på Rimi-julebordet? Eller har du nettopp oppdaga verdas beste brettspel?

Bli med i Bergensligaen kvar torsdag 18:00 – 21:00 på Seminarrom E på Studentsenteret. Du treng ikkje å ha spelt før for å bli med, og den beste måten å bli god på er å spela i ligaen.

3151_bordhockey_spill_JARFyrste semester er gratis, og dersom du får med ein ven får du med eit gratis brett andre gongen de spelar.

Har du eit spørsmål (om kva som helst) send epost til bordhockey@bsi.no.