Sesongstart for Bergensligaen i bordhockey

Bordhockeysesongen er i gang og det kriblar i fingrane.

Spelte du bordhockey med syskena dine som liten. Slo du sjefen i bordhockeyturneringa på Rimi-julebordet? Eller har du nettopp oppdaga verdas beste brettspel?

Bli med i Bergensligaen kvar torsdag 18:00 – 21:00 på Seminarrom E på Studentsenteret. Du treng ikkje å ha spelt før for å bli med, og den beste måten å bli god på er å spela i ligaen.

3151_bordhockey_spill_JARFyrste semester er gratis, og dersom du får med ein ven får du med eit gratis brett andre gongen de spelar.

Har du eit spørsmål (om kva som helst) send epost til bordhockey@bsi.no.